Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger er eit museum som ligg i Peder Klows gate 30 på Våland i Stavanger.

Museet har vore ei avdeling under Universitetet i Stavanger frå 1. januar 2009. Det var tidlegare ein frittståande institusjon med namnet Arkeologisk museum i Stavanger. Det blei oppretta 1. januar 1975, då det blei skilt ut frå Stavanger Museum. Det heldt då til i dei tidlegare lokala til Frue Meieri. I 1995 flytta museet inn i nybygde lokale.

Museet tek for seg førhistorisk tid i Rogaland frå dei eldste tidene og fram til og med den fyrste bolken av historisk tid, mellomalderen, i form av større museumssamlingar av gjenstandar og ved å stå for arkeologiske utgravingar, forsking og publisering. Museet hyser over 12&nbp;000 arkeologiske funn frå Rogaland. Den faste utstillinga gjev ein introduksjon til Rogalands forhistorie ved å presentere tematisk utvalde oldsaker og andre funn, og opplysningar kan òg hentast i eit ope arkiv med informasjonen ordna etter funnstad.

Eit rekonstruert gardshus frå jarnalderen på Ullandhaug i Stavanger høyrer inn under museet. Rekonstruksjonen er basert på arkeologiske granskingar på staden.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Museum i Stavanger Kategori:Kulturhistoriske museum i Noreg