Spermkval eller trollkval, Physeter catodon eller Physeter macrocephalus, er ein tannkval i spermkvalfamilien. Han blir opp til 18 meter lang. Spermkvalen finst i så godt som alle verdshava, frå Ekvator til Arktis og Antarktis, helst i ope hav eller ved kontinentalsokkelen. Han var utsett for industriell kvalfangst på 1900-talet, men det vart òg driven omfattande fangst allereie før granatharpunen si tid, tilbake til 1712. Rundt 1950 nådde fangsten høgda, då det vart fanga opp til 25 000 dyr i året. Den kommersielle fangsten tok slutt i 1988. Etter dette har det blitt drive fangst i liten skala frå opne båtar i Indonesia. Den globale bestanden er høgst usikker, men iallfall over 100 000 individ.The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk Spermkval kjem innom norske farvatn på næringsvandringar om sommaren.Artsdatabanken.no

Kjelder

The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk Artsdatabanken.no

Bakgrunnsstoff

Kategori:Spermkvalfamilien