Nebbkval (Hyperoodon ampullatus) er ein tannkval i spisskvalfamilien. Han er nært i slekt med sørnebbkvalen, som lever på den sørlege halvkula, men denne vert rekna som ein eigen art. Nebbkvalen lever i Nord-Atlanterhavet, både på amerikansk og europeisk side. I europeiske farvatn lever han frå Gibraltar i sør til Svalbard i nord. Han fyller ei snever nisje i økosystemet, ved å leva hovudsakleg av blekksprut av slekta Gonatus. Han fangar maten sin hovudsakleg nær havbotnen, på djupner heilt ned til 1400 meter.The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk Det vart drive kommersiell kvalfanst på nebbkvalen frå 1850-åra til 1970-åra. 80 000 individ vart fanga totalt.Artsdatabanken.no Det meste av fangsten på arten vart driven frå Noreg, men Noreg avslutta denne fangsten i 1973. Bestanden i norske farvatn har teke seg opp att etter fredninga, men har truleg endå ikkje nådd nivået frå før fangsten tok til.

Fotnotar

Kjelder The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk Artsdatabanken.no

Bakgrunnsstoff

Kategori:Spisskvalfamilien Kategori:Pattedyr i Noreg