Daniel Arnefjord () er ein svensk fotballspelar. I 2012-sesongen spela han i forsvar for Aalesund i den norske Eliteserien.
Arnefjord tok til å spela fotball som sjuåring i den lokale klubben Järva KFUM. Som 13-åring gjekk han over til talentfabrikken Brommapojkarna. Som 19-åring debuterte han for A-laget, og ved slutten av den sesongen sa han ja til eit tilbod frå FC Café Opera. Den første sesongen med Café Opera i Division 2 Östra Svealand førte med seg åtte A-lagskampar og opprykk til den nest høgste divisjonen, Superettan. Arnefjord oppnådde fast plass på A-laget dei kommande åra. I 2005 vart han kaptein på Väsby United, det nye laget som var resultatet av ei samanslåing av Café Opera og Väsby IF.
Väsby fungerte som rekrutteringsklubb for AIK, og etter 159 kampar i Superettan, tok Arnefjord steget opp i hovudklubben. I 2006-sesongen spelte han 16 kampar for AIK i Allsvenskan, dessutan fire i Royal League og to i cupen. Sommaren 2008 flytta Arnefjord til den norske Tippeligaen og Aalesund, der han raskt vart fast i midtforsvaret. Sidan han kom til klubben har han, per sommaren 2011, ikkje gått glipp av meir enn eit par seriekampar kvar sesong.
Fotnotar
Kjelder Spelarprofil på Aalesund sine nettsider
Kategori:Svenske fotballspelarar Kategori:Aalesund-spelarar