Sulafjellet er eit fjell som dekker delar av øya Sula på Sunnmøre. Fjellet ligg fritt i god avstand frå dei høgare fjella på fastlandet, og har eit vidt og godt utsyn. Det strekker seg som eit avlangt platå i austvestretning, med snaufjell og vide heiar og myrer oppå. I godt vêr er fjellet lett å nå året rundt. Toppen vert ofte kalla Vardane eller Varden.

Fjelltoppen er mål i motbakkeløpet Vardentilvarden som årleg vert arrangert enten i juni eller september med start frå Langevåg på nordsida.

Kategori:Geografi i Sula Kategori:Fjell på Sunnmøre