Limosa er ei biologisk slekt av fire spovar, med lange, svakt oppeikande nebb og lange bein. Dette er sterkt trekkjande vadefuglar i snipefamilien som dannar store flokkar på kysten og i elvemunningar om vinteren.
Dei kan skiljast frå Numenius-spovar som har kraftig nedkurva nebb, og frå bekkasinsniper som har korte bein. Vinterdraktene er ganske fargelause, men tre artar har raudleg underside i hekketida. Hoene er vesentleg større enn hannane.
Dei lange, diskret oppeikande nebba deira tillèt dei å sondere djupt i sanden etter vasslevande makk og blautdyr. Limosa-spovane vitjar hyppig tidevassona i strandlinja, hekkar i nord om sommaren og migrere sørover om vinteren. I vinterkvartera flokkar dei saman der maten er rikeleg. Ein hofugl av lappspove innehar rekorden for lengste registrerte flyging utan stopp.
Artslista Limosa-spovane i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 med norske namn etter Norske navn på verdens fuglar. Svarthalespove, Limosa limosa Svartvengspove, Limosa haemastica Lappspove, Limosa lapponica Kanelspove, Limosa fedoa
Kjelder Første versjon av denne artikkelen bygger på «Godwit» frå , den 22. juni 2011
Bakgrunnsstoff Videoar av spovar hos the Internet Bird Collection
Kategori:Snipefamilien Kategori:Fugleslekter