Pendle Hill er ein topp som ligg nordaust i Lancashire i England nær byane Burnley, Nelson, Colne, Clitheroe og Padiham, eit område kalla Pendleside. Toppen ligg 557 meter over havet. Det er ein isolert ås, skild frå Penninane i aust og Forest of Bowland i nordvest. Han ligg sørvest for Yorkshire Dales nasjonalpark.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pendle Hill» frå , den 1. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fjell og åsar i Lancashire