Pyriglena er ei biologisk slekt av gloauge i maurfuglfamilien, Thamnophilidae. Slekta inneheld tre artar, alle funne i Sør-Amerika. Gloauge er 16-18 cm i lengd, veg 25-36 gram og har karakteristiske raude auge som gjev dei namna deira. Dei syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakt, med hofugler i brune til brungule farger på kropp og med svart hale, og hannane er svarte med små flekker av kvitt på ryggen eller venger. Gloauge et ei rekkje insekt, og vil regelmessig følgje vandremaurar for å fange byttedyr som blir skremt bort av maurane. To av gloaugo er vidt utbreidde og livskraftig, men éin art, frynseryggloauge, er trua av utrydding.
Artslista Pyriglena i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
Kvitryggloauge, Pyriglena leuconota Frynseryggloauge, Pyriglena atra Kvitvenggloauge, Pyriglena leucoptera
Ein art utanfor denne slekta, skifergloauge, Rhopornis ardesiacus, ber òg fellesnamnet gloauge og er ein monotypisk art i Rhopornis.
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Pyriglena» frå , den 2. juli 2011
Referansar
Kategori:Maurfuglfamilien Kategori:Fugleslekter