Stob Binnein er eit fjell sør i Dei skotske høglanda, nær Crianlarich. Fjellet har ei høgd på 1165 meter over havet. Fjellet ligg like ved Ben More på 1174 moh. Dei to toppane er skilde av Bealach-eadar-dà-Bheinn, som tyder ‘passet mellom to åsar’.
Ein kliv ofte opp på Stob Binnein i lag med Ben More via Bealach-eadar-dà-Bheinn. Då kan ein gå direkte ned frå passet til Benmore Burn. Ein kan også kliva fjellet frå sør, med start nær Inverlochlarig, kring åtte kilometer (fem miles) frå Balquhidder. Ei kring fem km lang rute går opp frå dalen langs sørkammen til fjellet over dei mindre toppane Stob Invercarnaig og Stob Coire an Lochain.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stob Binnein» frå , den 2. juli 2011.
Kategori:Fjell og åsar i Stirling