thumb|Båter fortøyd i munningen av Alt ved Hightown Alt er ei elv i Merseyside i England. Ho er 28 kilometer lang. På delar av lengda si dannar elva grensa mellom Merseyside og Lancashire.
Elva har utspringet sitt ved Hag Plantation i Huyton, på 40 meter over havet, og renn derfrå gjennom Croxteth Park og fortset mot nordvest, meir eller mindre parallelt med motorvegen M57 sør for Kirkby. Ho renn deretter vidare mellom Aintree og Maghull. Sør for Formby snur elva mot sør og munnar ut i Irskesjøen gjennom eit estuar ved Hightown, rundt 15 kilometer nord for Liverpool sentrum. Elvemunningen ligg nær nordenden av elva Mersey-estuaret og markerer òg den nordlege enden av Crosby Beach.
Estuaret er ein del av naturvernområdet Ribble and Alt Estuaries Special Protection Area.
Stader langs elva Hightown Formby Great Altcar Ince Blundell Maghull Aintree Melling Waddicar Kirkby Knowsley Croxteth West Derby Huyton
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alt (elv)» frå , den 7. juli 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Firm fined for sewage pollution River Rehabilitation Scheme at Huyton River rehabilitation in an urban environment: examples from the Mersey Basin, North West England The River Alt flood management review
Kategori:Elvar i Merseyside Kategori:Elvar i Lancashire