Storbritannia er eit land utanfor nordvestkysten av det europeiske fastlandet. Med eit samla areal på kring utgjer Storbritannia den største delen av Dei britiske øyaneOxford English Dictionary: "British Isles: a geographical term for the islands comprising Great Britain and Ireland with all their offshore islands including the Isle of Man and the Channel Islands." og omfattar øya Storbritannia, den nordaustlege sjettedelen av øya Irland og nokre av dei mindre øyane rundt. Hovudområdet ligg mellom breiddegradene 49°N og 59°N (Shetlandsøyane når nesten 61°N), og lengdegrader 8°W til 2°E. Greenwich-observatoriet i Søraust-London er utgangspunktet for nullmeridianen.

Storbritannia ligg mellom Nord-Atlanteren og Nordsjøen, på det minste 35 km frå nordvestkysten av Frankrike på den andre sida av Den engelske kanalen. Nord-Irland deler ei 360 km lang landegrense med Republikken Irland. Kanaltunnelen under Den engelske kanalen knyter i dag Storbritannia til Frankrike.

Areal Det samla arealet til Storbritannia er om lag og består av øya Storbritannia, den nordaustlege sjettedelen av øya Irland (Nord-Irland) og mindre øyar. England er det største landet i Storbritannia med eit areal på , som er litt over halvparten av det totale arealet til Storbritannia. Skottland er med , det nest største og utgjer om lag ein tredjedel av det totale arealet. Wales og Nord-Irland er langt mindre, og dekkjer høvesvis og .

Rangering Namn Areal 1 England 130 427 km²- Sørvest - Aust-England - Søraust - East Midlands - Yorkshire and the Humber - North West - West Midlands - Nordaust - London23 837 km² 19 120 km² 19 096 km² 15 627 km² 15 420 km² 14 165 km² 12 998 km² 8 592 km² 1 572 km² 2 Skottland 78 772 km² 3 Wales 20 778 km² 4 Nord-Irland 13 843 km² Storbritannia 243 820 km²

Fysisk geografi mini|Topografien til Storbritannia Den fysiske geografien til Storbritannia varierer stort. England består av lågtliggande terreng med meir fjellendt terreng nordvest for Tees-Exe-linja, inkludert Cumbrian Mountains i Lake District, Penninane og kalksteinsåsane i Peak District, Exmoor og Dartmoor. Den skotske geografien er særprega av Highland-forkastinga ei forkasting som går på tvers av det skotske fastlandet frå Helensburgh til Stonehaven. Forkastinga skil to ganske forskjellige område med Dei skotske høglanda i nord og vest og Dei skotske låglanda i sør og aust. Geografien i Wales er hovudsakleg fjellendt, men Sør-Wales er mindre prega av fjell enn Nord- og Midt-Wales. Den irske geografien omfattar Mourne Mountains og Lough Neagh, ein 388 km² stor innsjø og den største innsjøen i Storbritannia og Irland.

Den generelle geomorfologien til Storbritannia vart forma av ein kombinasjon av tektonikk og klimaendringar, særleg isbredanning.

Det eksakte sentrumet på øya Storbritannia er omdiskutert. Avhengig av korleis ein reknar det ut kan det vere anten Haltwhistle i Northumberland eller Dunsop Bridge i Lancashire.

Geologi

Geologien i Storbritannia er variert og mangfaldig. Dette gjer seg utslag i mange forskjellige typar landskap rundt om i Storbritannia. Denne variansen, samt at britiske vitskapsmenn og geologar tidleg prøvde å forstå han, har påverka namngjevinga av mange geologiske konsept, mellom anna mange av dei geologiske periodane (til dømes er ordovicium kalla opp etter ordovicane, eit tidleg britisk folk, eller devontida som er kalla opp etter grevskapet Devon sørvest i England).

Dei eldste bergartane i Storbritannia er gneisar som er minst 2 700 millionar år gamle frå arkeikum. Desse finn ein heilt nordvest i Skottland og på Hebridane, med nokre små utspring andre stader. Sør for gneisane finn ein ei kompleks blanding av bergartar som formar det nordvestlege høglandet og Grampians i Skottland. Desse er i røynda restane av folda sedimentære bergartar, avsett over geniseen, frå 1000 millionar år sidan, med eit 7 km tjukt lag av Torridon-sandstein oavsett for om lag 800 millionar år sidan, samt morene av ei iskappe for 670 millionar år sidan.

Restane av gamle vulkanske øyar ligg under mykje av det sentrale England med små utspring synlege mange stader. Kring 600 millionar år sidan, gjorde den kadomiske orogenesen (fjellbyggingsperiode) det engelske og walisiske landskapet om til eit fjellendt landskap, i lag med det meste av det nordvestlege Europa.

Den walisiske Skiddaw-skiferen vart avsett for kring 500 millionar år sidan, under ordovicium. På denne tida, kring 425 millionar år sidan, var det mykje vulkansk aktivitet nord i Wales. Restane av desse vulkanane er framleis synlege, til dømes Rhobell Fwar frå kring 510 millionar år sidan. Store mengder vulkansk lava og oske kjend som Borrowdale-vulkanane dekte både Wales og Lake District, og er framleis synlege i form av fjell som Helvellyn og Scafell Pike.

I silur, for mellom 425 og 400 millionar år sidan, forma den kaledonske orogenesen mykje av det som i dag er Storbritannia. Vulkansk oske og lavaavleiringar frå denne perioden er framleis synlege i Mendip Hills og i Pembrokeshire.

Vulkanske avleiringar forma Ben Nevis i devontida. Havnivået varierte mykje og kystlinja har trekt seg fram og tilbake over England, og mange av avleiringane i England er sedimentære bergartar. Old Red Sandstone frå Devon gav denne perioden namnet sitt, sjølv om avleiringane òg finst mange andre stader.

Under karbontida, kring 360 millionar år sidan, låg Storbritannia nær ekvator, dekt av eit varmt, grunt hav kalla Rheichavet. I denne perioden vart karbonhaldig kalkstein nedlagt, som ein finn i område som Mendip Hills og Penninane. Dei kolførande laga vart danna på denne tida, i elvedelta, sumper og regnskogar. Ein finn kol i mange område av Storbritannia, så langt nord som Sutherland og så langt sør som Kent, sjølv om det stort sett vart driven gruvedrift i Midlands, Nord-England og Wales. På denne tida vart òg Millstone Grit danna.

Under permtida og trias låg det meste av Storbritannia under eit grunt hav, noko som førte til avsetting av sediementære bergartar som skifer, kalkstein, grus og mergelstein. Havet byrja omsider å trekkjer seg attende og etterlet ein flat ørken med saltpanner.

I byrjinga av juratida var Storbritannia under vatn att, og sedimentære bergartar vart avsett som no ligg under mykje av England frå Cleveland Hills i Yorkshire til Jurassic Coast i Dorset, inkludert leirer, sandsteinar, og oolittisk kalkstein i Cotswold Hills. Gravlagde algar og bakteriar under gjørma på havbotn skapte Nordsjøolje og naturgassen.

I krittida var det meste av Storbritannia igjen under havet og kalkstein og flintar vart avsette over mykje av Storbritannia. Desse er no hovudsakleg eksponert i Dei kvite klippene ved Dover og Salisbury Plain, Chiltern Hills, South Downs og andre liknande stader.

Dei siste vulkanske bergartane i Storbritannia vart danna tidleg i tertiær, for mellom 63 og 52 millionar år sidan, med store utbrot på Antrim-platået og basaltiske søyler som danna Giant's Causeway. Ytterlegare sediment vart avsette over Sør-England, inkludert London-leire, medan Den engelske kanalen bestod av mudderflater og sand frå elveavsettingar.

Dei største endringane dei siste få millionar åra, under kvartær, har stort vore gjennom istidene, som har skapt U-dalar i fjellområda og frodig (og ofte steinrikt) jordsmonn i Sør-Storbritannia.

Fjell og åsar mini|Med 1344 meter over havet er Ben Nevis det høgaste fjellet i Storbritannia.

Dei ti høgaste fjella i Storbritannia ligg alle i Skottland. Dei høgaste toppane i kvar del av Storbritannia er: Skottland: Ben Nevis (Aonach Mòr, 1344 moh) Wales: Snowdon (Snowdonia, 1085 moh) England: Scafell Pike (Cumbrian Mountains, 977 moh) Nord-Irland: Slieve Donard (Mourne Mountains, 852 moh)

Fjellkjeder og åsar i Storbritannia er mellom andre: Skottland: Cairngorms, Cheviot Hills, Det skotske høglandet, Southern Uplands, Grampian Mountains Wales: Brecon Beacons, Cambrian Mountains, Snowdonia, Black Mountains, Preseli Hills England: Chilterns, Cotswolds, Dartmoor, Lincolnshire Wolds, Exmoor, Lake District, Malvern Hills, Mendip Hills, North Downs, Peak District, Pennines, Salisbury Plain, South Downs, Shropshire Hills, Yorkshire Wolds Nord-Irland: Mourne Mountains, Antrim Plateau, Sperrin Mountains

Det lågaste punktet i Storbritannia er the Fens i East Anglia, i England, der delar ligg opp til 4 meter under havnivå.

Elvar og innsjøar

Den lengste elva i Storbritannia er Severn (354 km) som renn gjennom både Wales og England.

Dei lengste elvane i Storbritannia etter land er: England: Themsen (346 km) Skottland: Tay (188 km) N. Ireland: Bann (122 km) Wales: Tywi (103 km)

Dei største innsjøane i Storbritannia etter land er: N. Ireland: Lough Neagh (381,74 km²) Skottland: Loch Lomond (71,12 km²) England: Windermere (14,74 km²) Wales: Llyn Tegid (Bala Lake) (4,84 km²)

Den djupaste innsjøen i Storbritannia er Loch Morar med ei djupne på 309 meter. Loch Ness er den nest djupaste med 228 meter. Den djupaste innsjøen i England er Wastwater som er 79 meter på det djupaste.

Kunstige vassvegar

Som følgje av industrihistoria til Storbritannia, er det bygd ut eit omfattande system av kanalar, dei fleste dei tidlege åra i den industrielle revolusjonen, i tida før dei hadde konkurranse frå jernbanen. Storbritannia har òg mange dammar og vassreservoar for å lagre drikkevatn og for å nyttast i industrien. Vasskraft er heller avgrensa og står for mindre enn 2 % av det britiske forbruket.

Kystlinje mini|Dei maritime krava til Storbritannia. Storbritannia har ei kystlinje som er 12 429 km. Den ujamne kystlinja gjer at ingen stader er meir enn 125 km frå kysten ved flo sjø.

Dei britiske krava på kontinentalsokkelen er definert i kontinentalsokkel-forordningar eller etter grenseavtalar. Det er ein eksklusiv fiskesone på 200 nautiske mil og eit territorialfarvatn på 12 nautiske mil.

Bukter Carbis Bay Cardigan Bay Lyme Bay Bristolkanalen Thames-estauaret Morecambe Bay Solway Firth The Wash Humber-estauaret Firth of Forth Firth of Tay Moray Firth

Nes Geologien i Storbritannia er slik at det er danna mange nes og bukter langs kysten, her er nokre av dei mest kjende: Cornwall Land's End The Lizard Cape Cornwall Cumbria Furness Devon Start Point Berry Head Hartland Point Foreland Point Dorset Old Harry Rocks St Alban's Head Portland Bill Hengistbury Head Isle of Wight The Needles St. Catherine's Point Somerset Brean Down Kent North Foreland West Sussex Selsey Bill East Sussex Beachy Head Sutherland Cape Wrath Wales Gower-halvøya Lleyn-halvøya Wigtownshire Rhins of Galloway Yorkshire Filey Brigg Flamborough Head Spurn Head

Øyar

Totalt er det estimert at Storbritannia består av over tusen småøyar. Dei fleste av dei er naturlege, men det finst òg menneskskapte crannogs, som art bygde i tidlegare tider med hjelp av stein og tre.

Øyar i England: Lundy Isles of Scilly Isle of Wight Farne Islands Lindisfarne Isle of Portland Walney Island Burgh Island Isle of Sheppey Mersea Island Isle of Thanet Hayling Island Canvey Island Isle of Grain Øyar i Skottland Orknøyane Shetlandsøyane Fair Isle Indre Hebridane Ytre Hebridane Rockall Bass Rock Øyar i Wales Anglesey Skomer Island Skokholm Island Ramsey Island Bardsey Island Holy Island Øyar i Nord-Irland Rathlin Island

Klima

Klimaet i Storbritannia varierer, men er generelt temperert, sjølv om det er langt varmare enn somme stader på liknande breidde grad, som det sentrale Polen, på grunn av påverknaden frå den varme Golfstraumen. Generelt er det varmare og tørrare i sør enn i nord.

Dei rådande vindane er sørvestlege, frå Nord-Atlanteren. Meir enn halvparten av dagane er det overskya. Det er få naturlege farar, men det kan oppstå både kraftig vind og flaum, særleg på vinterstid.