Raudvengmaursmett, Herpsilochmus rufimarginatus, er ein liten maursmett i maurfuglfamilien.

Raudvengmaursmett har naturlege habitat i subtropisk eller tropisk tørr skog, i fuktig låglandsskogar, i våt høgland opptil 1100 moh., og tørt buskland. Utbreiingsområdet er i habitat innanfor atlanterhavsskogen, frå Bahia i søraustre Brasil, sørover til Paraguay og Misionesprovinsen i nordaustlegaste Argentina.

Dette er ein fugl på 10-12,5 cm. Hannfuglen har svart krone og stripe gjennom auge, overside og veng er grå og svart med to kvite vengeband. Primærfjørene og nokre sekundærfjører er kraftig raudleg til nøttebrun, strupen nesten kvit og undersida elles lys gul. Hoa liknar, men har raudbrun krone og grønleg overside.

Dei beitar insekt og andre leddyr på bladverk i trekroner, aleine eller i fleirartsflokkar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

kategori:Maurfuglfamilien Kategori:Fuglar i atlanterhavsskogen Kategori:Fuglar i Argentina Kategori:Fuglar i Brasil Kategori:Fuglar i Paraguay