Aserbajdsjan, offisielt Republikken Aserbajdsjan, er ein republikk i den søraustlege delen av Kaukasia, og det største landet i denne regionen. Mesteparten av landet ligg i Asia, men ein liten del ligg på europeisk side nord for Kaukasus. Aserbajdsjan grensar til Armenia, Georgia, Iran, Russland, Tyrkia og Kaspihavet. Eksklaven Nakhitsjevan grensar til Armenia i nord og aust, Iran i sør og vest og har ei kort grense mot Tyrkia i nordvest.
Aserbajdsjan har ei eldgamal og historisk kulturarv. Landet var av fødestadene til mennesket og ligg i hjartet av dei gamle sivilisasjonane. Landet er kjent for å vere blant dei mest progressive og sekulære islamske samfunna i verda. I tillegg til å vere det første muslimske landet til å byggje operaer, setje opp teaterstykke og vere ein demokratisk republikk, er Aserbajdsjan i dag av dei muslimske landa der støtta for sekularisme og toleranse er høgast. Den demokratiske republikken Aserbajdsjan var den første demokratiske og sekulære republikken i den muslimske verda, vart oppretta i 1918, men vart innlemma i Sovjetunionen i 1920. Aserbajdsjan vart anerkjend som sjølvstendig nasjon i 1991. Kort tid etter, under Nagorno-Karabakh-krigen, okkuperte nabolandet Armenia Nagorno-Karabakh, omliggjande område og enklavane Karki, Yukhary Askipara, Barkhudarly og Sofulu. Republikken Nagorno-Karabakh, som oppstod som følgje av dette, er framleis ikkje diplomatisk anerkjend av andre land, og regionen er framleis de jure rekna som ein del av Aserbajdsjan, trass i at det de facto har vore sjølvstendig sidan slutten av krigen. (russisk); ;;
Aserbajdsjan er ein sekulær og unitær republikk. Han er ein av dei seks sjølvstendige tyrkiske statane, og ein aktivt medlem av Det tyrkiske rådet og TÜRKSOY-samfunnet. Aserbajdsjan har diplomatiske tilhøve med 158 land og er medlem i minst 38 internasjonale organisasjonar. Han er ein av dei grunnleggjande medlemene av GUAM, organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen og Samveldet av uavhengige statar (SUS). Den 9. mai 2006 vart Aserbajdsjan vald som medlem i det nyoppretta Menneskerettsrådet av SNs generalforsamling. Ei spesialutsending frå Europakommisjonen held til i landet, som òg er medlem av Dei sameinte nasjonane, OSSE, Europarådet, og NATO sitt Partnarskap for fred-program. Aserbajdsjan er medlem av Organisasjonen av alliansefrie nasjonar, korrespondent i International Telecommunication Union og har observasjonsstatus i Verdshandelsorganisasjonen. 1. januar 2012 vart landet medlem av Tryggingsrådet i SN for to år.
Den aserbajdsjanske grunnlova nemner ikkje ein offisiell religion, men flesteparten av innbyggjarane er sjiamuslimar. Den muslimske identiteten er meir basert på kultur og etnisitet enn religion, og Aserbajdsjan er rekna som ein av dei mest liberale av dei større muslimske nasjonane.South Travels - Azerbaijan; Culture of Azerbaijan - Safari The Globe Etter å ha fått sjølvstende har Aserbajdsjan nådd eit høgt nivå av samfunnsutvikling, økonomisk utvikling, levestandard og lesekunne saman med låg arbeidsløyse og sjølvmordsrate samanlikna med andre austeuropeiske og SUS-land.; ; ; ; Literacy rate among schoolchildren in Azerbaijan is 100% - UN report ; Central Intelligence Agency - The World Factbook - Azerbaijan På den andre sida er korrupsjon utbreidd, særleg i det offentlege.Azerbaijan and the 2013 presidential election UK Parliament briefing paper, 25 October 2013; Transparency International CORRUPTION PERCEPTIONS INDEX 2012
Geografi mini|Aserbajdsjansk landskap.
Aserbajdsjan ligg i sørvestlege område av Asia med Kaspihavet i aust, Iran i sør, Russland og Georgia i nord, og Armenia i vest. Tre geografiske trekk dominerer Aserbajdsjan: Kaspihavet, der kystlina dannar den naturlege grensa mot aust, Store Kaukasus i nord, og eit utstrekt lågland i sentrale område.
Aserbajdsjan har eit totalt landareal på om lag 86 000 kvadratkilometer, mindre enn 1 % av arealet til tidlegare Sovjetunionen, som landet var ein del av. Av dei tre transkaukasiske statane har Aserbajdsjan det største landarealet. Aserbajdsjan har to autonome republikkar, Nakhitsjevan som ligg sørvest for Armenia og Nagorno-Karabakh, som ligg innanfor Aserbajdsjan. Ein liten del av Nakitsjevan har òg grense til Tyrkia i nordvest. Hovudstaden i Aserbajdsjan er den eldgamle byen Baku, som har den største og beste hamna i Kaspihavet, og som lenge har vore senteret for republikken sin oljeindustri.
Klima Klimaet i landet er nesten tropisk om sommaren i låglandet, medan vintrane er milde. Ein kan derimot få periodar med kulde frå nord. Fjellområda mot vest er derimot kalde og snørike. Nedbøren varierer frå under 200 mm ved munningen til Kura, til mellom 1200 og 1400 mm i låglandet kring Lenkoran.
Absjeronhalvøya, der hovudstaden Baku ligg, har ofte kraftig vind, og området her har kring 40–50 kulingdagar i året, hyppigast om vinteren. Dei høge Kauakasusfjella gjer at luftstraumen frå nord vert drenert søraustover mot halvøya, der fjellrekkja endar, og ein får ein hjørneeffekt her som styrkjer vinden. Vind opp mot 40 m/s (orkan) er ikkje uvanleg.
Historie
Antikken mini|Helleristingar i Gobustan er daterte til 10 000 fvt. og indikerer ein blømande kultur. Det er ein verdsarvstad og vert rekna for å ha «eineståande universell verdi». Dei tidlegaste spora etter menneskelege busetnader i området til Aserbajdsjan er frå eldre steinalder og er knytt til Guruchay-kulturen i Azykh-grotta. Kulturane frå yngre steinalder og bronsealderen finn ein spor etter i grotter i Tağılar, Damcılı, Zar, Yataq-yeri og i gravplassane i Leylatepe og Saraytepe.
Tidlege busetnader omfatta skytarane på 800-talet fvt. Etter skytarane dominerte iranske medarar området sør for elva Aras. Mederane danna ei vidt rike mellom 900–700 fvt., som vart ein del av Akamenide-riket kring 550 fvt. Området vart erobra av akamenidane og førte til zoroastrismen spreidde seg. Seinare vart området erobra av Aleksander den store og det etterfølgjande riket til sevklidane. Dei opphavlege innbyggjarane i området var kaukasiske albanarar, som oppretta eit sjølvstendig kongedøme kalla Albania (som ikkje må forvekslast med landet på Balkan) kring 300-talet fvt. I denne perioden spreidde zoroastrismen seg i Kaukasus og Atropatene.
Føydaltida mini|Jomfrutårnet i Gamle Baku er ein verdsarvstad bygd på 1000-talet. Sassanidane gjorde Albania til ein vasallstat i år 252, medan kong Urnayr offisielt gjorde kristendomen til statsreligion på 300-talet. Trass i fleire erobringar av sassanidane og austromarane, vart Albania verande ein stat i regionen fram til 800-talet. Det islamske Umayyad-kalifatet dreiv attende både sassanidane og austromarane frå regionen og gjorde Albania til ein vasallstat etter at den kristne motstanden leia av prins Javanshir, vart slegen ned i 667. Maktvakuumet som var att etter at Abbasid-kalifatet vart svekt, vart fylt av fleire lokale dynasti, som dei til sallaridane, sajidane, shaddadidane, rawadidane og buyidane. På byrjinga av 1000-talet vart området gradvis erobra av tyrkiske Oghuz-folk frå Sentral-Asia. Det første av desse tyrkiske dynastia vart oppretta av ghaznavidane, som kom til området i 1030.
Dei før-tyrkiske aserbajdsjanarane talte eit iransk språk kalla gammalazari, som gradvis vart erstatta av eit tyrkisk språk, i dag kjent som aserbajdsjansk, frå 1000-talet og frametter til det gamle språket døydde heilt ut på 1500-talet. Lokalt vart områda til dei etterfølgjande seldsjukkane styrt av atabegar, som teknisk sett var vasallar under dei seldsjukkiske sultanane, men som i røynda styrte seg sjølve. Under seldsjukkane var lokale diktarar som Nizami Ganjavi og Khagani Shirvani med på den blømande persiske litteraturen i det som i dag er Aserbajdsjan. Dei neste herskarane var jalayiridane, men vart etter kort tid erobra av Timur Lenk.
Det lokale dynastiet til shirvansjahane vart ein vasallstat under riket til Timur og støtta han i krigen hans mot Den gylne horden styrt av Tokhtamysh. Etter at Timur døydde oppstod to sjølvstendige og rivaliserande statar: Kara Koyunlu og Ak Koyunlu. Shirvansjahane vendte attende og var i stor grad sjølvstendige som lokale herskarar og vasallar frå 861 til 1539. Dei vart etterfølgde av safavidane som tvinga sunnimuslimane i området til å omvende seg til sjiamuslimar, sidan dei kjempa mot det sunnimuslimske osmanske riket.
Moderne tid mini|upright|venstre|Områda til dei nordlege og sørlege khanata (og sultanata) til Aserbajdsjan i Iran på 1700- og 1800-talet«In Safavi times, Azerbaijan was applied to all the muslim-ruled khanates of the eastern Caucasian as well as to the area south of the Araz River as fas as the Qezel Uzan River, the latter region being approximately the same as the modern Iranian ostans of East and West Azerbaijan.»
Etter safavidane vart området styrt av dei iranske dynastia til Afshar og Zand og ei kort stund av qajarane. Meir eller mindre sjølvstendige khanat oppstod i området, særleg etter at Zand-dynastiet braut saman og tidleg i Qajar-tida. Det korte og suksessrike russiske felttoget i 1812 vart avslutta med freden i Gulistan, der sjahen sine krav på somme av khanata i Kaukasus vart avslegne av Russland sidan dei hadde vore meir eller mindre sjølvstendige lenge før den russiske okkupasjonen.
Khanata utøvde kontroll over forretningane sine via internasjonale handelsruter mellom Sentral-Asia og Vesten. Desse khanata var i konstant krig med kvarandre og vart til slutt innlemma i Det russiske imperiet i 1813, etter to russisk-persiske krigar. Området nord for elva Arax, i dagens Aserbajdsjan, var iranske område fram til dei vart okkuperte av Russland. Med freden i Turkmenchay i Persia tok Russland over khanatet Erivan, khanatet Nakhitsjivan og resten av khanatet Lankaran.
I 2007, under bygginga av eit stadion, vart det oppdaga ei massegrav i Guba. Etterforsking synte at dette var lokale innbyggjarar av forskjellige nasjonalitetar, inkludert jødar og lezginar som vart drepne i ein massakre i 1918 utført av armenarar. Så langt har ein funne leivningane etter 600 menneske, mellom dei 50 barn og 100 kvinner. (russisk)
mini|venstre|Kart over Aserbajdsjan frå Fredskonferansen i Paris 1919. Etter at Det russiske imperiet braut saman under første verdskrigen vart Aserbajdsjan i lag med Armenia og Georgia ein del av den kortvarige Transkaukasiske demokratiske sambandsrepublikken. Då republikken vart oppløyst i mai 1918, erklærte Aserbajdsjan sjølvstende som Den demokratiske republikken Aserbajdsjan (ADR). ADR var den førte moderne republikken i den muslimske verda.Schulze, Reinhard. A Modern History of the Islamic World. I.B.Tauris, 2000. ISBN 978-1-86064-822-9, 9781860648229. Kvinner fekk stemmerett og Aserbajdsjan vart det først muslimske landet som gav kvinner same politiske rettar som menn. Faktisk var Aserbajdsjan tidlegare ute enn Storbritannia og USA med dette. I tillegg vart Baku statsuniversitet oppretta, som var det første moderne universitetet oppretta i det muslimske austen.
I mars 1920 var det opplagt av Sovjet-Russland kom til å gå til åtak mot Baku. Vladimir Lenin sa at invasjonen var berettiga sidan Sovjet-Russland ikkje kunne overleve utan olja frå Baku. (russisk) (russisk) Sjølvstendet til Aserbajdsjan varte berre 23 månader før den raude armeen invaderte landet og oppretta Den aserbajdsjanske sovjetiske sosialistrepublikken den 28. april 1920. Mesteparten av det nyoppretta aserbajdsjanske forsvaret var oppteken av å slå ned eit opprør av armenarar i Karabakh, men aserbajsjanarane overgav seg ikkje lett. Så mange som 20 000 aserbajdsjanske soldatar døydde i motstanden mot den russiske gjenerobringa
13. oktober 1921 signerte sovjetrepublikkane Russland, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia ein avtale med Tyrkia kalla Kars-traktaten. Det tidlegare sjølvstendige Nakhitsjevan SSR vart ein sjølvstendig ASSR som ein del av Aserbajdsjan SSR med Kars-traktaten. Armenia fekk derimot regionen Zangezur og Tyrkia gav attende Gyumri (då kjend som Aleksandropol).