Kvitskjeggmaurvarslar, Biatas nigropectus, er ein mellomstor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Biatas. Han er endemisk for atlanterhavsskogen i Argentina og Brasil og er ein bambusspesialist. Arten er truga av tap av leveområde, og ein trur populasjonen minkar fort.

Kvitskjeggmaurvarslar er 18 centimeter i lengd, hannen har brunleg fjørdrakt med raudbrune venger og hale, svart krone, nedre strupe og bryst. Hofuglen har raudbrun krone.

I Argentina har kvitskjeggmaurvarslar vorte funne berre i Guadua-bambus, spesielt arten Guadua trinii.Bodrati, A. & K. Cockle. 2006. Habitat, distribution, and conservation of Atlantic forest birds in Argentina: Notes on nine rare or threatened species. Ornitologia Neotropical 17: 243-258. Han lever av insektlarver, edderkoppar, små maur og frø som han plukker av bambus. Dette er ein kryptisk art som sjeldan syng, så lite er kjent om levevis og økologi.

Kjelder

Første utgåva av artikkelen byggjer på «White-bearded Antshrike» frå , den 10. juli 2011 BirdLife International (2011) Faktaark for arten: Biatas nigropectus . Lest frå http://www.birdlife.org 10. juli 2010.

Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:Maurfuglfamilien Kategori:Fuglar i atlanterhavsskogen Kategori:Fuglar i Argentina Kategori:Fuglar i Brasil