Grimsby er ein hamneby ved utløpet av Humber i Lincolnshire i England, med 85–90 000 innbyggjarar. Han har vore administrasjonssenter for North East Lincolnshire (område med sameint styresmakt sidan 1996. Busetnaden går over til nabobyen Cleethorpes i søraust i ein konurbasjon
For å skilje han frå Little Grimsby som ligg 22 km lenger sør, vart byen ofte kalla «Great Grimsby».
Kjende landemerke i Grimsby er kyrkjebygget Grimsby Minster, hamna Port of Grimsby, stranda Cleethorpes Beach og kultursenteret Grimsby Fishing Heritage Centre. Grimsby ver heimehamn for den største fiskeflåten i verda rundt midten av 1900-talet, men fiskeriet gjekk så kraftig tilbake.
Historie Lokale soger seier at byen vart grunnlagt av ein dansk fiskar som heitte Grim på 800-talet. På 1100-talet utvikla byen seg til eit handlesenter og ei fiskerihamn. Han var nummer 12 i rekkja av skattebetalarar til kongen, og fekk grunnleggingsbrevet sitt av Johan av England i 1201. Den fyrste borgarmeisteren blei innsett i 1202.
Grimsby har aldri hatt bymurar, han var for liten til det, og dessutan var han verna av det sumpete omlandet rundt byen. Men han hadde ei vollgrav i mellomalderen. Frå 1400-talet kom byen inn i ei nedgangstid i samband med tilslamming av hamna som varte heilt til 1800-talet. I 1801 var folketalet 1524, omtrent same tal som i mellomalderen. Men etter det har byen vakse mykje.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Lincolnshire Kategori:Busetnader grunnlagde på 800-talet Kategori:North East Lincolnshire