Farnborough er ein by i grevskapet Hampshire i England, om lag 50 kilometer sørvest for London. Han er administrasjonsbyen i distriktet Rushmoor og er ein del av byområdet til den jamstore og nærliggande Aldershot, med totalt om lag ein kvart million innbyggjarar. Farnborough har kring 65 000 innbyggjarar. Administrativt er han delt inn i ni mindre kretsar, eller wards.

mini|venstre|Farnborough jernbanestasjon kring 1914.

Farnborough er mest kjend for flyplassen og den internasjonale flyutstilligna som vert halde annakvart år. Dei åra flyutstillinga ikkje er her, vert han halden o Le Bourget i Paris. Det var her Samuel Cody gjennomførte den første flyginga i Storbritannia med ein motordriven farkost i 1908. Royal Aircraft Factory (RAF) starta her i 1911 ein fabrikk for produksjon av sperreballongar. I 1918 bytte ein namn til Royal Aircraft Establishment (RAE) for å ikkje forvekslast med det nyoppretta Royal Air Force (RAF). Fabrikken spelte ei stor rolle under begge verdskrigane, og har drive forsking med flytypar og jetmotorar. I dag inngår RAE i Defence Evaluation and Research Agency (DERA).

Sport Det vesle fotballaget Farnborough Town FC, som ikkje høyrer til ligasystemet, fekk nasjonal merksemd i 2003 då dei to seg heilt til fjerde runde i FA-cupen og trekte vinnaren frå året før, Arsenal FC, på heimebane. Dei tapte kampen 1–5.

Den 17. april 1860 vart det første verdsmeistermøtet i boksing gjennomført mellom John Heenan og Tom Sayers. Kampen varte i 37 runder då tau rundt boksen gjekk sundt. Etter at dette vart fiks varte kampen fem rundar til før dommaren braut av kampen og erklærte han som uavgjort.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Farnborough» frå , den 13. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Hampshire