Steinsdalsfossen (i tillegg kalla Øvsthusfossen eller Øfsthusfossen) ligg 2 kilometer vest for Norheimsund i Kvam herad i Hardanger.
Fossen er ein av dei mest vitja i Noreg, og er spesiell fordi det går ein sti bak han som ein kan gå tørrskodd på. Fossen har eit fall på 50 meter og rimeleg god vassføring, særleg under snøsmeltinga i mai og juni.
Steinsdalsfossen er ein del av Fosselva som har sitt utspring frå Myklavatn som ligg 814 moh. Fossen vart danna i 1699 då elva fann eit nytt løp.Natur Historisk Vegbok (2004) side 488, faktaboks. Også omtalt i Ættarbok for Kvam.
På verdsutstillinga i Hannover i år 2000 var Noreg representert med ein installasjon av Marianne Heske der ein stilisert kopi av Steinsdalsfossen var ein viktig del. Denne «fossen» var 15 meter høg.Aftenposten 2. juni 2000. Side 32: Gjøgling og protester åpnet Expo
Galleri
Kjelder
Kategori:Geografi i Kvam Kategori:Fossar i Vestland