Kettering er ein marknadsby i distriktet Kettering i Northamptonshire i England. Han ligg om lag 130 km frå London. Kettering ligg hovudsakleg på vestsida av elva Ise, ei sideelv til Nene som ho møter i Wellingborough.

Opphavleg vart byen kalla Cytringan, Kyteringas og Keteiringan på 900-talet, og namnet meiner ein tyder «staden (eller området) til slekta til Ketter».R.L. Greenall: A History of Kettering, Phillimore & Co. Ltd, 2003, ISBN 1-86077-254-4. s.7.

Byen har kring 55 000 innbyggjarar. Byen, i lag med mange andre byar i området, har mange pendlarar som nyttar seg av jernbanen Midland Main Line, som har raske tog direkte til London.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kettering» frå , den 14. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Northamptonshire