Steinulf Tungesvik () er ein norsk jurist og politikar. Frå 21. oktober 2005 var han statssekretær for Senterpartiet i Samferdsledepartementet under statsråd Liv Signe Navarsete i den raudgrøne regjeringa til Jens Stoltenberg, regjeringa Stoltenberg II. Han var til då leiar i Noregs Mållag (2005).

Tungesvik voks opp i Skånevik i Hordaland fylke, og er son av KrF-politikaren Hans Olav Tungesvik. Steinulf Tungesvik har juridisk embetseksamen og har arbeidd som forretningsadvokat. Han var politisk rådgjevar og seinare statssekretær for sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa frå Sp i den fyrste Bondevik-regjeringa. Han var sentral i arbeidet med å setje i gang Norsk Ordbok 2014-prosjektet, som forfattar av forprosjektsrapporten Norsk ordbok 2014 - om vegen fram til fullføring av ordboksverket i 2014.

Tungesvik vart sterkt profilert under Slepp nynorsken til-kampanjen arrangert av Noregs Mållag i 2005. Han vart òg profilert som ein sterk forkjempar for eit nynorsk nettleksikon. Saka om nynorsk nettleksikon vart særskilt teke med i Soria Moria-erklæringa; "Regjeringen vil (...) stimulere til økt bruk av nynorsk i media, og bidra til finansiering av et nettbasert nynorsk leksikon."

I 2000 vart Tungesvik tilsett i Kluge advokatfirma i Oslo. I 2004 flytta han til Bergen, samstundes som han heldt fram i same selskap. I april 2005 vart han veld til leiar i Noregs mållag, eit verv han sa frå seg for å byrje i statssekretærstillinga i oktober same år.

Kjelder

Målmann med mange ballar i lufta Dag og Tid

Kategori:Leiarar av Noregs Mållag Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Bondevik I Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Statssekretærar frå Sp Kategori:Politiske rådgjevarar frå Sp Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Etne