Alston er ein by i grevskapet Cumbria i England. Han har kring 1 000 innbyggjarar og ligg ved elva South Tyne, i den nordlegaste delen av Penninane. Han ligg om lag 300 meter over havet, og er ein av dei høgastliggande marknadsbyane i England, i lag med Buxton i Derbyshire. Trass i den relative isolasjonen sin har byen vegsamband til Tyne Gap i nord, Weardale og Teesdale i søraust og Penrith i sørvest.

Alston har historisk vore eit sentrum for gruvedrift, med førekomstar av bly, sink, jern, kopar og kol i nærområdet. Den sentrale delen av byen er eit verneområde med fleire verna bygningar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alston, Cumbria» frå , den 19. juli 2011 og 3. januar 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Cumbria