mini|Backstreet Boys i 2016 mini|Den kinesiske gutegruppa Boy Story Gutegruppe (engelsk boyband) er ei vokalgruppe knytt til popmusikk som typisk blir danna av unge gutar eller menn når dei er i tenåra eller tidleg i tjueåra. Dei har ofte ein ung kvinneleg fanskare, og framfører gjerne kjærleikssongar. Mange gutegrupper dansar i tillegg til å synga, og har ofte velkoreograferte opptredenar. Nokre slike grupper blir danna av seg sjølv, til dømes frå ei songgruppe knytt til ei kyrkje eller gospel. Mange andre blir danna av managerar eller plateselskap som held auditionar og vel ut passande medlemmer. Jentegruppe er ei tilsvarande nemning om vokalgrupper med berre kvinnelege medlemmer.

Gutegrupper har vore særleg populære på 1960-talet, med til dømes The Jackson 5 og The Osmonds, 1990-talet og tidleg 2000-talet med grupper som Take That, Backstreet Boys, *NSYNC, Boyzone og Westlife, tidleg på 2010-talet med nye populære grupper som Big Time Rush og One Direction og K-pop-grupper som BTS, Exo, Seventeen og NCT, og seint på 2010-talet med grupper som CNCO, Why Don't We og PrettyMuch.

Musikkmagsinet Billboard meiner at ein definisjon av gutegruppe i vidaste forstand også kan inkludera tidleg The Beatles, som i byrjinga av karrieren la stor vekt på image og hadde ei stor overvekt av tenåringsjenter som tilhengjarar.«Are They a Boy Band or Not? Two Billboard Staffers Debate The Beatles, Brockhampton, 5 Seconds of Summer & More» hos billboard.com Musikknettstaden Udiscovermusic nemner også blant andre The Beach Boys, The Monkees og Maroon 5 som band med ein tilsvarende karrierestart, men at desse heller ikkje kan kategoriserast som typiske gutegrupper.«Back For Good: How Boy Bands Made It To The Top» hos udiscovermusic.com

Kjende gutegrupper

Gruppe Land A1 Storbritannia/Noreg 5ive Storbritannia Backstreet Boys USA Jonas Brothers USA Bay City Rollers Storbritannia Bed & Breakfast Tyskland Blue Storbritannia Boys II Men USA Boyzone Irland Caught in the Act Storbritannia/Nederland East 17 Storbritannia Hanson USA The Jackson 5 USA New Kids on the Block USA 'N Sync USA O-Town USA O-Zone Moldova/Romania Take That Storbritannia Touché Tyskland US5 Storbritannia/USA Westlife Irland

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Boy band» frå , og «Guttegruppe» frå den 3. november 2021.

Kategori:Musikkgrupper