Leominster er ein marknadsby i grevskapet Herefordshire i England. Han har kring 12 000 innbyggjarar og ligg om lag 19 km nord for byen Hereford og 18 km sør for Ludlow. Han er den største av fem byar kring Hereford i grevskapet, og ligg der elva Lugg møter Kenwater.

Namn mini|venstre|portrett|Milestein med den gamle stavemåten «Lemster», no i Leominster Museum. mini|venstre|The Three Horseshoes i Leominster.

Bynamnet er sett saman av det keltiske namnet på staden, Leen, Leon eller Lene, av uklar tyding, og mynster, ei gammalengelsk nemning for eit kloster eller ei kyrkje.J. & C. Hillaby, Leominster Minster, Priory, and Borough c.660–1539 (Logaston Press, Almeley, Herefs. 2006), 4–5. Det walisiske namnet på byen Llanllienni, kan tolkast som ‘kyrkje mellom flaumane’. Namnet er også blitt stava «Lemster».

Historie Byen voks opp rundt eit angelsaksisk kloster. Kyrkja her blei grunnlagd i 660 av Edfrith, ein munk frå Lindisfarne.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Leominster» frå , den 21. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Herefordshire