Ashby-de-la-Zouch, ofte berre kalla Ashby, er ein by i grevskapet Leicestershire i England. Han har kring 15 000 innbyggjarar og ligg i National Forest.
Ashby-de-la-Zouch slott var viktig frå 1400- til 1600-talet. På 1800-talet vart byen ein kurstad og før Coalville voks til, var han den viktigaste byen i det nordvestlege Leicestershire.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ashby-de-la-Zouch» frå , den 22. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Leicestershire