Arntor er det andre studioalbumet til Windir, ei norsk svartmetallgruppe frå Sogndal. Albumet vart utgjeve i oktober 1999, gjennom plateselskapet Head Not Found. Arntor skil seg ifrå andre Windir-album, sidan Valfar er den einaste medverkande, utanom trommer. Bandet fekk mykje kritikk av bruken av eit gamalt NS-bilete som plateomslag. Songane er som på Sóknardalr: Dei omhandlar historier, segn og eventyr frå Sogn. Spesielt songen «Svartasmeden og Lundamyrstrollet» er opphavleg eit gamalt eventyr ifrå Sogndal, nedskrive av Asbjørnsen og Moe.
Innhald
Medverkande Valfar – gitar, bassgitar, guttural vokal, synthesizer, trekkspel Steingrim – perkusjon Steinarson – rein vokal
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Arntor» frå , den 23. juli 2011.
Kategori:Musikkalbum frå 1999 Kategori:Norske musikkalbum