Howden er ein liten marknadsby i grevskapet East Riding of Yorkshire i England. Han har kring 4 000 innbyggjarar, og ligg om lag 5 km nord for Goole og 27 km sørvest for York. Vilhelm Erobraren gav byen til biskopen av Durham i 1080. Howden Minster, ei av dei største kyrkjene i East Riding, ligg midt i byen.
Namnet Howden er avleidd frå gammalengelsk hēafoddenu, som tyder ‘hovuddal’.
Howden ligg i den flate Vale of York og er omgjeven av eit flatt landskap med myr nokre stader. Han ligg ved vegen A614, som no går rundt byen, og i nærleiken av motorvegane M62 og M18. Goole ligg nær Howden, på andre sida av elva Ouse. Howden jernbanestasjon, som ligg i North Howden, har samband til Leeds, Selby, York, Hull og London.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Howden» frå , den 25. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i East Riding of Yorkshire Kategori:Stadnamn av gammalengelsk opphav i England