Sir Pelham Grenville Wodehouse eller berre P.G. Wodehouse () er ein britisk humoristisk forfatatr. Han vart verdskjend med underhaldande romanar og noveller, prega av laussloppen situasjonskomikk frå engelsk sosietetsliv.

Dei mest vellukka karakterane hans er den unge verdsmannen Bertie Wooster og tenaren hans Jeeves, samt Lord Emsworth, herre av Blandings Castle. Mange av romanane og novellsamlingane hans er omsette til norsk. Nokre av desse er Leave it to Psmith (1923), The Inimitable Jeeves (1924), Very Good, Jeeves (1930) og The Code of the Woosters (1938). Saman med Guy Bolton skreiv han fleire populære musikalar, bl.a Oh Lady, Lady og Sitting Pretty. Performing Flea (1953) og Over Seventy (1957) er sjølvbiografiar. Wodehouse var internert under den andre verdskrigen i Tyskland, der han i 1940 lét seg utnytte i tysk radiopropaganda. Seinare busette han seg i USA, der han òg tidlegare hadde budd i lengre periodar, og vart amerikansk borgar i 1955. Han vart utnemnd til riddar like før han døydde.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Engelske forfattarar Kategori:Knights Commander of the Order of the British Empire Kategori:Folk frå Guildford Kategori:Engelske tekstforfattarar Kategori:Engelske dramatikarar