Stow-on-the-Wold er ein marknadsby i grevskapet Gloucestershire i England. Han har kring 2 000 innbyggjarar. Han ligg på toppen av ein 244 meter høg ås, der fleire vegar møter kvarandre i Cotswolds. Byen vart grunnlagd som ein planlagd marknadsstad av normanniske herrar for å nytte seg av vegane som møttest her. Det vart halde marknadar med kongeleg løyve sidan 1330 og ein årleg hestemarknad vert framleis halden i byen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stow-on-the-Wold» frå , den 26. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Gloucestershire