Banff (skotsk gælisk banbh) er ein by i regionen Aberdeenshire i Skottland. Ved folketeljinga i 2001 hadde Banff 3 991 innbyggjarar. I 2006 vart folketalet estimert til 3 820 innbyggjarar.

Banff ligg ved austkysten av Skottland på sørsida av Moray Firth. Han ligg vest for utløpet av elva Deveron, Banff og nabobyen Macduff aust for elva har praktisk talt vakse saman. Banff har historisk status som kongeleg burgh, og var inntil 1975 administrasjonssenter for det tradisjonelle grevskapet Banffshire.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Banff (Skottland)» frå , den 27. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i Aberdeenshire