mini|Det sanktkittiske flagget. Tilhøve 2:3. Det sanktkittiske flagget blei teke i bruk som nasjonalflagg på Saint Kitts og Nevis den 19. september 1983. Det er skrådelt med eit svart og gult band med to kvite stjerner i midten, og ein raud og ein grøn trekant på kvar side.
Flagget blei utforma av Edrice Lewis til ein konkurranse. Dei to stjernene står for håp og fridom. Grønfargen står for grøderikom og raudt for fridomskampen. Gulfargen står for det solfylte klimaet og svart for landet si afrikanske arv. Fargane i flagget er også panafrikanske fargar brukt i mange afrikanske flagg.
Nevis-flagget mini|Nevis-flagget Øya Nevis har eit eige flagg som skil seg frå nasjonalflagget. Det er gult med det sanktkittiske flagget innfelt i øvre indre hjørne, og eit stilisert bilde av vulkanen Nevis Peak i kvitt, grønt og blått midt på.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Saint Kitts och Nevis flagga» frå , den 3. august 2011. oppgav desse kjeldene:
Saint Kitts and Nevis ved Flags of The World Complete Flags of the World, Dorling Kindersley, femte utgåve 2008.
Saint Kitts og Nevis Kategori:Saint Kitts og Nevis