Vilhelm I (opphavleg Willem Frederik Prins van Oranje-Nassau) () var konge av Nederland 1813-1840.
Han var son av Vilhelm V av Oranien og Vilhelmina av Preussen og gift med kusina Vilhelmine av Preussen (1774-1837).
Som ung budde han ei tid i eksil i Preussen under napoleonskrigane.
Han lét seg utrope til konge i 1813 og vart i 1815 òg tilkjent Belgia og Luxembourg.
Han ønskte å styrkja økonomien til landet, og vert rekna for ein dugeleg person når det gjaldt finanspolitikk. Men han gjorde òg fleire ting som ikkje vart sett pris på. Nederlandsk vart gjort til offisielt språk i heile landet, og han førte ein uforsonleg politikk overfor katolikkane.
I 1830 gjorde belgiarane opprør. Opprøret vart slått ned, men Frankrike støtta sidan saka til belgiarane. Til sist måtte Vilhelm bøye seg for kravet om sjølvstendet til Belgia.
Han abdiserte i 1840 og vart etterfølgd av sonen Vilhelm II. Han slo seg ned i Berlin saman med den andre kona si, Henrietta d'Oultremont. Der budde han til han døydde.
Barn Vilhelm II av Nederland Prins Fredrik av Nederland Prinsesse Pauline av Nederland Prinsesse Marianne av Nederland
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vilhelm I av Nederland» frå , den 5. august 2011.
Bakgrunnsstoff SNL
Kategori:Nederlandske kongelege Kategori:Folk frå Haag Kategori:Fyrstar av Oranien Kategori:Storhertugar av Luxembourg Kategori:Hertugar av Limburg Kategori:Huset Oranien-Nassau Kategori:Hosebandsordenen Kategori:Monarkar som abdiserte