William Wilberforce () var ein britisk filantrop og politikar for tory-partiet. Han var medlem av Underhuset frå 1780 til 1825. I ungdomen sin var han nær venn av William Pitt den yngre og forfekta radikale handlingar til mellom andre parlamentsreformar og katolsk emansipasjon. Frå 1815 inntok han meir konservative standpunkt. Frå 1787 arbeidde han utretteleg for å få oppheva slavehandel og slavehald i dei britiske koloniane. 1807 vart det vedteke forbod mot slavehandel, medan forbodet mot slavehold kom først ein månad etter han var død.
Kjelder
Kategori:Engelske politikarar Kategori:Britiske velgjerarar Kategori:Tory-medlemmar Kategori:Gravlagde i Westminster Abbey Kategori:Folk frå Kingston upon Hull