Charles-Marie Jean Albert Widor () var ein fransk organist og komponist. Han er mest kjend for toccataen frå Symfoni for orgel nr 5, som ofte vert spelt i bryllaupsseremoniar.

Bakgrunn Widor vart fødd i Lyon, og studerte musikk under faren sin, som òg var organist. Han fekk den første større jobben sin som organist i kyrkja Saint-Sulpice i Paris i 1870. I 1890 tok han over etter César Franck som orgelprofessor ved Pariskonservatoriet, der han seinare òg vart komposisjonsprofessor.

Fleire av studentane hans vart òg kjende, mellom andre Darius Mailhaud, Louis Vierane og Marcel Dupré. Widor skreiv musikk for ei lang rekkje instrument og ensemble, men verka hans for orgel blir oftast spelte. Komposisjonane hans inneheld mellom andre 10 orgelsymfoniar, ei messe for to orgel og to kor, symfoniar for orgel og orkester, nokre operaer med meir.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Charles-Marie Widor» frå , den 8. august 2011.

Bakgrunnsstoff

Komplett verkliste ved Classical Composers

Kategori:Franske organistar Kategori:Franske komponistar Kategori:Folk frå Lyon