Rolf Widerøe () var ein norsk norsk ingeniør og fysikar.
Widerøe konstruerte i 1928 den første lineærakseleratoren for positive ion. Denne nådde ikkje opp i energiar av praktisk interesse, til dømes i kjernefysikken, fordi det radiotekniske utstyret på det tidspunktet var for lite utvikla. Same år foreslo han betatronprinsippet som ein metode for å akselerere elektron, og då desse maskinene kom i bruk (etter 1940) deltok han i det vidare utviklingsarbeidet. Den første fungerande betatron i Europa vart bygd av Widerøe og medarbeidarane hans. Han var konsulent ved bygging av fleire større akseleratorar, mellom anna 30 GeV protonsynkrotronen ved CERN, og er kjent for arbeid innan strålingsfysikk. Han hausta òg stor internasjonal respekt for innsatsen sin for bruk av akseleratorar innan medisin. Widerøe vart heidra med mange prisar og æresdoktoratar.
I 1927 vart Widerøe dr.ing. ved Den tekniske høgskulen i Aachen og frå 1928 til 1931 var han tilsett ved AEG i Berlin. Frå 1933 til 1937 arbeidde han ved N. Jacobsens elektriske verksted i Oslo og frå 1937 til 1940 ved National Industri. Under krigen jobba han ved Norsk Elektrisk og Brown Boveri i Baden i Sveits, som han fortsette med etter krigen. I perioden frå 1953 til 1972 var han dessutan professor ved den tekniske høgskulen i Zürich.
Under andre verdenskrig dreiv Widerøe forsking i tysk teneste. Han fekk difor etter krigen eit førelegg der straffa blei sett til «bot til statskassen av kr. 5000, tap av stemmerett i offentlige anliggender, tap av retten til å gjøre tjeneste i rikets krigsmakt og inndragning av ulovlig fortjeneste kr. 120000».
Kjelder
Kategori:Norske fysikarar Kategori:Partikkelfysikarar Kategori:Vitskapsfolk frå Oslo Kategori:Norske kjernefysikarar Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Folk tilknytte CERN