White spirit Flammepunkt 31° C Kokepunkt 130° C Faresymbol 45px45px White spirit er ei væske som er fargelaus og klår i utsjånad, og har ein karakteristisk, stram lukt. Ho er uløyseleg i vatn, men er blandbar med mange andre organiske løysemiddel.

White spirit er ei blanding av hydrokarbonar og blir nytta som løysemiddel i måling, reingjering av penslar, fjerning av asfalt, feitt, stearin, skismøring osv. White spirit er kanskje det organiske løysemiddelet som blir brukt mest i dag.

White spirit er òg kjent under namna «nafta» (petroleum), «white spirit type 1», «white spirit type 2», «white spirit type 3», «mineralsk terpentin», «laknnafta», white-sprit eller «essence de petrole».

Fakta om «White spirit type 1» Flammepunkt ved 31° C. Kokepunkt ved 130° C. Består av ei blanding av ulike hydrokarbon. Farleg for lever og lunger. Som andre feittløysarar kan det gje varig skade på nervesystemet.

White spirit skal ikkje tømmast ut i vasken eller i naturen. Det skal leverast inn til ei søppelfylling eller miljøstasjon.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «White spirit» frå , den 9. august 2011.

Kategori:Hydrokarbonløysemiddel Kategori:Hushaldskjemikal Kategori:Bulkkjemikal Kategori:Måleutstyr