François Viète () var ein fransk jurist og matematikar.

François Viète kom frå Vendée, vest i Frankrike. Han var utdanna advokat, og i løpet av livet arbeidde han som rådgjevar for både Henrik III og Henrik IV.

François Viète gjorde fleire viktige oppdagingar innan både trigonometri, algebra og bokstavrekning. Han vert i dag sett på som grunnleggjaren av det moderne matematiske teiknspråket. Fleire av teikna som han innførte er enno i bruk i moderne matematikk. Læreboka hans, Opera mathematica vart utgjeven i 1646, over 40 år etter han døydde.

Kjelder

Artikkelen byggjer på François Viète i Engelsk Wikipedia, henta inn 11. august 2011.

kategori:Franske matematikarar kategori:Franske juristar Kategori:Algebraistar Kategori:Matematikarar på 1500-talet