Esben Esther Pirelli Benestad () er ein norsk lege og sexolog som også har markert seg ved å vere ein av dei få opne transpersonane i Noreg.

Benestad er gift med sexologen Elsa Almås og er forelder til filmregissøren Even Benestad, som skildra Benestad og tilhøvet hens til kjønn i dokumentarfilmen Alt om min far (2002).

I 2007 deltok Benestad i Skal vi danse, ei deltaking som skapte oppstyr då ein dommar oppfordra hen til å anten bruka kvinne- eller mannsklede i tevlinga.

I 2012 vart Pirelli Benestad og kona Elsa Almås begge utnemnde til professorar i sexologi ved Universitetet i Agder. Dei er dei fyrste som har vorte professorar i sexologi i Noreg.

Benestad har gått inn for bruken av kjønnsnøytrale personlege pronomen.

Verkliste Sexologi i praksis, med Elsa Almås (1997, ny utgjeving 2006) Kjønn i bevegelse, med Elsa Almås (2001) Transseksualisme - hvor går vi og hvor står vi? (2002) Transekjønn og diagnoser (2004) Penisatlas (2005)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Esben Esther Pirelli Benestad» frå , den 11. august 2011.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Profil ved uia.no

Kategori:Norske legar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar Kategori:Sexologar Kategori:Professorar ved Universitetet i Agder