Petter Wettre () er ein norsk jazzmusikar (saksofon) og komponist, kjent frå ei rekkje innspelingar og samarbeid og vinnar av to Spellemannprisar.

Etter oppvekst i Sandefjord studerte han ved Toneheim folkehøgskole (1987) og Berklee i Boston (1992), blant anna under George Garzone, før han etablerte seg i jazzmiljøet i Oslo med eigen trio og kvartett, og dessutan spelte i Storeslem, Sandefjord Storband, Oslo Groove Company og Norske Store Orkester. Han har òg medverka på utgjevingar med blant anna Torbjørn Sunde (Meridians, 1998), Frode Alnæs (Frode, 1996), Element (Shaman, 1999).Petter Wettre plateoversikt frå grinningtroll.com

På debutplata med hans Petter Wettre Quartet - Pig Virus hadde han med Håvard Wiik piano, Terje Gewelt bass og Per Oddvar Johansen trommer. Hans The Trio (1995-2001) har variert med Jarle Vespestad/Per Oddvar Johansen/Jon Christensen trommer og Ingebrigt Håker Flata/Arild Andersen/Per Zanussi bass. Den seinare tida har han spelt særs med dei danske musikarane Jonas Westergaard bass og Anders Mogensen trommer i høvesvis trio og kvartett format. Dagens utgåve av Petter Wettre Quartet består av Westergaard og Mogensen på høvesvis bass og trommer, og dessutan Erlend Slettevoll - piano. I einskilde tilfelle blir Erlend Slettevoll erstatta av gitarist Kim Johannesen.

Wettre driv plateselskapet Household Records (2002-), har undervist ved Oslo musikkonservatorium/Agder musikkonservatorium og gav ut Elvin Jones-transkripsjonar i boka Live at the Lighthouse (2005).

Utgjevingar Petter Wettre Quartet, Pig virus (Curling Legs, 1996)Pig virus lydklipp fra Norsk jazzarkiv. med Wiik/Gewelt/Johansen Meet the locals (Resonant Music, 1998) med Flaten/Vespestad In color (Resonant Music, 2000) med Liebman/Flaten/Vespestad The only way to travel (2000) - gav Spellemannprisen 2000 i klassen jazz med Per Oddvar Johansen The mystery unfolds (BP Records, 2001) med Flaten/Vespestad Household name (2003) med Wiik, Zanussi, Mogensen og Palle Pesonen gitar Live at Copenhagen Jazzhouse (2003) med Anders Christensen bass og Mogensen Tour de force (2004) med Liebman og Flaten/Vespestad Hallmark moments (2004) State of the art (2006) med kvintetten Paramount (2006) solo Fountain Of Youth (2007) - gav Spellemannprisen i klassen jazz Appetite for Structure (2007) Fountain Of Youth - Live! (2008)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Petter Wettre» frå , den 13. august 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Norske jazzsaksofonistar Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Folk frå Sandefjord