Island debuterte i Eurovision Song Contest i 1986 og har delteke 33 gongar. Sidan debuten har Island vore fråverande to gongar; i 1998 og i 2002. Island er det einaste av dei nordiske landa som ikkje har vunne Eurovision Song Contest, men har til gjengjeld to andreplassar. Island har kome på sisteplass to gongar: i 1989 og i 2001. Island kvalifiserte seg ikkje til finalen i åra i 2015-2018, men lykkast å ta seg til finalen i 2019 med Hatari og «Hatrið mun sigra».

Historie Island var det siste av dei vesteuropeiske landa til å debutere i Eurovision Song Contest, om ein ser vekk frå lilleputtstatane Andorra og San Marino. Islandsk rikskringkasting, RÚV, sendte riktignok tevlinga i opptak kvart år frå 1970, og direkte frå 1983. Grunnen til at Island kom så seint inn i Eurovision Song Contest, var på grunn av den geografiske plasseringa til Sagaøya - langt unna nettverket til Eurovisjonen og at dei var utan eit fast satelittsamband til Kontinentet.

I byrjinga av 1980-talet kom imidlertid satelittsambandet på plass, og Island melde seg på Eurovision Song Contest 1986 i Bergen. Landet debuterte med trioen ICY og songen «Gleðibankinn». Island vart nr. 16 av 20 deltakande land, og to nye sekstandeplassar følgde dei to neste åra. I 1989 havna Island på sisteplass for fyrste gong, men året etter sikra Island sin fyrste topp fem-plassering, då duoen Stjórnin vart nummer fire med songen «Eitt lag enn».

Sidan 1990 har Island stort sett havna midt på, eller i nedre halvdel på resultatlista. Unntaka kom med andreplassane i 1999 og 2009; begge gongane vart Island slått av ein av sine nordiske naboar - høvesvis Sverige og Noreg. per 2020 er Island det einaste nordiske landet som ikkje har vunne Eurovision Song Contest.

Island har også havna på sisteplass tre gongar, to i finalen og ein gong i semifinalen. Fyrste gongen var i 1989, då fekk Island fekk null poeng. Ein ny sisteplass kom i 2001 - delt med Noreg. Sisteplassen gjorde at Island måtte stå over tevlinga i 2002. Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Island kvalifisert seg til finalen ni av seksten gongar. I perioden 2015 til 2018 klarte ikkje Island å kvalifisere seg til finalen. I 2018 havna dei i tillegg på sisteplass i sin semifinale.

Island er eit av landa med flest deltakingar i Eurovision Song Contest utan ein siger. Berre Kypros med sine 36 deltakingar har fleire forsøk i tevlinga uten å ha vunne.

Kontroversar rundt artistar Trass i storleiken til landet og sin beskjedne rolle i internasjonale konfliktar og situasjonar, har to islandske Eurovision-artistar skapt store kontroversar rundt tevlinga. Fyrste tilfelle var i Athen i 2006, då den islandske artisten, komikerkarakteren Silvía Nótt, vart møtt med kraftig buing frå det greske publikummet etter si opptreden i semifinalen. Bakgrunnen var at mange vart provosert over rolla ho spelte under intervjua og prøvane i dagane før tevlinga. Silvía Nótt skulle vere ei sjølvgod, overlegen diva som var overtydd om at ho kom til å vinne. Under ein pressekonferanse gjorde ho seg upopulær blant grekarane, då ho fekk livvaktene til å fjerne ein journalist for å ha «stirra ho i auga». Journalisten viste seg å vere ein skodespelar, men det kom ikkje fram i dei lokale nyheitsreportasjane i Hellas. Nótt truga også med å banne under framføringa, men EBU åtvara ho mot stuntet. Under framsyninga i semifinalen, styra ho unna banneord, men ho kvalifiserte seg ikkje til finalen.

Tretten år seinare, i Tel Aviv i 2019, gjorde det islandske bidraget seg nok ein gong upopulære blant det lokale publikummet i vertslandet. Island vart representert av den anti-kapitalistiske techno-metall-gruppa Hatari, som på førehand hadde truga med politiske stunt for å protestere mot Israel si okkupasjon av palestinske område. Blant anna utfordra gruppa statsminister Benjamin Netanyahu til brytekamp og kom med fleire politiske ytringar. Tevlinga skal dere upolitisk, og arrangøren EBU åtvara Hatari om at dei hadde «nådd grensa om kva EBU kunne tolerere». Under røystegjevinga i finalen holdt gruppa opp bannere og skjerf med det palestinske flagget på, og vart møtt med kraftig buing og piping frå publikum. EBU varsla også at flaggstuntet ville «få konsekvensar». Under avstemningen i finalen holdt bandet opp bannere og skjerf med det palestinske flagget på, og ble møtt med kraftig buing og piping fra publikum. EBU varslet også at flaggstuntet ville «få konsekvenser».

Bidraga

År Artist Song Språk Finale Semifinale Plass Poeng Plass Poeng 1986 ICY «Gleðibankinn» Islandsk1619 colspan="2" rowspan="7" data-sort-value="99999" 1987 Halla Margrét «Hægt og hljótt» Islandsk1628 1988 Beathoven «Þú og þeir (Sókrates)» Islandsk1620 1989 Daníel Ágúst «Það sem enginn sér» Islandsk220 1990 Stjórnin «Eitt lag enn» Islandsk4124 1991 Stefán og Eyfi «Draumur um Nínu» Islandsk1526 1992 Heart 2 Heart «Nei eða já» Islandsk7 80 1993 Inga «Þá veistu svarið» Islandsk1342 colspan="2" data-sort-value="99999" 1994 Sigga «Nætur» Islandsk1249 colspan="2" rowspan="2" data-sort-value="99999" 1995 Bo Halldórsson «Núna» Islandsk1531 1996 Anna Mjöll «Sjúbídú» Islandsk13511049 1997 Páll Óskar «Minn hinsti dans» Islandsk2018 colspan="2" rowspan="7" data-sort-value="99999" colspan="5" 1999 Selma «All Out Of Luck» Engelsk2146 2000 August og Telma «Tell Me!» Engelsk1245 2001 Two Tricky «Angel» Engelsk223 colspan="5" 2003 Birgitta «Open Your Heart» Engelsk881 2004 Jónsi «Heaven» Engelsk1916 colspan="2" data-sort-value="-9999" 2005 Selma «If I Had Your Love» Engelsk colspan="2" rowspan="3" 1652 2006 Silvía Night «Congratulations» Engelsk1362 2007 Eiríkur Hauksson «Valentine Lost» Engelsk1377 2008 Eurobandið «This Is My Life» Engelsk1464868 2009 Yohanna «Is It True?» Engelsk22181174 2010 Hera Björk «Je ne sais quoi» Engelsk og fransk19413123 2011 Sjonni's Friends «Coming Home» Engelsk20614100 2012 Greta Salóme og Jónsi «Never Forget» Engelsk2046875 2013 Eyþór Ingi Gunnlaugsson «Ég á líf» Islandsk 1747672 2014 Pollapönk «No Prejudice» Engelsk1558861 2015 María Ólafsdóttir «Unbroken» Engelsk rowspan="4" colspan="2" 1514 2016 Greta Salóme «Hear Them Calling» Engelsk1451 2017 Svala «Paper» Engelsk1560 2018 Ari Ólafsson «Our Choice» Engelsk1915 2019 Hatari «Hatrið mun sigra» Islandsk102323221 Daði og Gagnamagnið «Think About Things» Engelsk colspan="4" 2021 Daði og Gagnamagnið «10 Years» Engelsk43782288 2022 Sigga, Beta og Elín «Með hækkandi sól» Islandsk232010103 2023 Diljá «Power» Engelsk colspan="2" rowspan="2" 1144 2024 Hera Björk «Scared of Heights» Engelsk153 2025 Væb «Róa» Islandsk2533697

Røystehistorikk (1986-2021)

+ Island har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng1 2302 1983 1524 1165 98

+ Island har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng1 1372 1303 1284 1005 84

Galleri

Referansar

Kjelder Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Island i Eurovision Song Contest

Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Island i Eurovision Song Contest» frå , den 26. august 2020.

Kategori:Land i Eurovision Song Contest Kategori:Musikktevlingar