2 Unlimited er ei nederlandsk dance-gruppe som vart skipa i 1991. Ho bestod av rapparen Ray Slijngaard og songaren Anita Doth, begge frå Amsterdam, frå skipinga til 2016.
Karriere I 1991 byrja Slijngaard og Doth eit samarbeid med to byrjabelgiske musikkprodusentar, Philip Wilde og Jean-Paul de Coster, og tok namnet 2 Unlimited. ei signerte platekontraktbelgiske Byte Records.
Debutalbumet Get Ready! vart utgjeve i februar 1992. Singelen Get Ready For This gjekk høgt på hitlistene i mange vestlege land, og plata inneheldt 3 andre songar som vart utgjevne som singlar. Oppfylgjaralbumet No Limits frå 1993 inneheldt singelen No Limit som gjekk rett til topps på europeiske hitlister, også i Noreg. Tribal Dance var ein annan singel frå same albumet. Sjølve albumet selde også svært godt, med meir enn 3 millionar selde kopiar. 2 Unlimited har også gjeve ut ei rekkje samlealbum.
2 Unlimited gav ut eitt studioalbum til med namnet Real Things (1994), med noko mindre suksess enn dei to fyrste. I april 1996 vart det kunngjort at 2 Unlimited var oppløyst.
Dei to belgiske produsentane forsøkte likevel å få liv i 2 Unlimited att i 1998, ved å hyra inn to nye nederlandske songarar, Romy van Oojen og Marjon van Iwaarden utan Doth og Slijngaard. Med dei nye gruppemedlemmene gav 2 Unlimited ut plata II i 1998, med moderat suksess.
I 2009 gjorde Doth og Slijngaard ein reunion og tok namnet Ray & Anita. Under dette namnet har dei gjeve ut singlane Still Unlimited (2009) og In Da Name Of Love (2010). Romy og Marjon har også gått saman att og har teke artistnamnet 2.
13. august 2016 blei det kunngjort at Kim Vergouwen skulle erstatta Doth i gruppa. 2 Unlimited opptredde ved Dance Music Festival i Kielce i Polen i 2020. Diskografi
Studioalbum
Get Ready! (1992) No Limits (1993) Real Things (1994) II (1998)
Singlar (utval)
Get Ready For This (1992) No Limit (1993) Tribal Dance (1993) The Real Thing (1994)
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «2 Unlimited» frå , den 22. august 2011.
Bakgrunnsstoff
2 Unlimited på Discogs
kategori:Nederlandske musikkgrupper kategori:Elektroniske musikkgrupper kategori:Musikkgrupper skipa i 1991