Ein gambit er ei sjakkopning der ein spelar ofrar materiell for å oppnå andre fordelar, vanlegvis utviklingsforsprang. Vanlegvis er det ein bonde som blir ofra, men det finst også gambitar der ein ofrar ein løpar eller springar. Ein gambit der motstandaren svarar med å sjølv å ofre, spele gambit, blir kalla ein motgambit.
Ordet gambit blei først teke i bruk i sjakk av den spanske presten Ruy López de Segura. Ordet kjem frå italiensk dare il gambetto, «å setje eit bein fram» eller altså «å spenne bein på nokon», «krokfot». Lopez studerte og utvikla denne spelemåten, og dermed fekk det italienske ordet den spanske forma gambito, som deretter vart til det franske gambit, slik det også skrivst på norsk.
Eksempel på gambitar Kongegambit: 1.e4 e5 2.f4 Dronninggambit: 1.d4 d5 2.c4 Dette er den mest spelte «gambiten», men er teknisk sett ikkje ein gambit sidan kvit straks kan vinne bonden tilbake etter 2. ..dxc4 3.Da4+ Evans-gambit: 1.e4 e5 2.Sf3 Sc6 3.Lc4 Lc5 4.b4 Rousseau-gambit 1.e4 e5 2.Sf3 Sc6 3.Lc4 f5 Smith-Morra-gambit: 1.e4 c5 2.d4 med planen 2. ..cxd4 3.c3 dxc3 4.Sxc3 Blackmar-Diemer gambit: 1.d4 d5 2.e4 dxe4 3.Sc3 med planen 4.f3 Froms gambit: 1.f4 e5 Staunton-gambit: 1.d4 f5 2.e4 Benkögambit: 1.d4 Sf6 2.c4 c5 3.d5 b5 Budapest-gambit: 1.d4 Sf6 2.c4 e5 Skotsk gambit: 1.e4 e5 2.Sf3 Sc6 3.d4 exd4 4.Lc4 Lettisk gambit: 1.e4 e5 2.Sf3 f5 Elefantgambit: 1.e4 e5 2.Sf3 d5 Englund-gambit: 1.d4 e5?!
Bakgrunnsstoff Guide to Chess Gambits (Part 1) Guide to Chess Gambits (Part 2)
*Gambit