Albert I av Monaco () var fyrste av Monaco frå 10. september 1889 til han døydde. Han var son av fyrste Karl III av Monaco. Albert I var gift to gonger. Den første kona hans var Mary Douglas-Hamilton, dotterdotter til storhertug Karl av Baden, som var bror med dronning Fredrika av Sverige. Den andre kona hans var Antoinette de Mérode-Westerloo.

Albert utdanna seg til havforskar og deltok i fleire forskingsekspedisjonar på 1870-talet. Albert finansierte og organiserte fire oseanografiske ekspedisjonar til farvatna rundt Svalbard, mellom anna i lag med Gunnar Isachsen til det nordvestlege Spitsbergen 1906–07, som Albert 1 finansierte. Han oppretta det oseanografiske institutt i Paris og eit oseanografisk og eit prehistorisk museum i Monaco.

Albert I hadde berre eitt barn, Ludvig II av Monaco.

Den 30. mars 1875 vart han tildelt St. Olavs Orden.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Albert I av Monaco» frå , den 5. september 2011.

Bakgrunnsstoff biografiside i Norsk polarhistorie

Kategori:Huset Grimaldi Kategori:Fyrstar av Monaco Kategori:Oseanografar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Monegaskiske kongelege