DS, seinare MS «Rauma» var i perioden 1889-1963 ein lokalrutebåt i fart i Møre og Romsdal fylke.

DS «Rauma» mini|venstre|DS «Rauma» i Molde omkring 1890.Foto: Axel Theodor Lindahl

Juni 1889: Levert frå Akers Mek. Verksted, Oslo (byggenr. 121) som lokalrutebåt «Rauma» til Romsdals Dampskibsselskab, Molde. Sett inn i lokalrutefart mellom Molde og Romsdalsfjordene.

1894: Mælt om etter nye målereglar: brt:120

1906: Ny kjele installert ved Akers Mek. Verksted, Oslo. 25 nhk 135 ihk

191x: Maskinkrafta mælt om til 26 nhk 144 ihk

1. juni 1920: Overtatt av Møre Fylkes Ruteselskap, Molde.

Juni 1925: Sett inn i turistrute Sjøholt - Stranda - Hellesylt - Geiranger om sommaren. Heldt fram i lokalruter i Romsdal om vinteren.

April 1940: «Rauma» var akkurat komme til Molde med såra, norske soldatar frå Åndalsnes, då båten vart angripen av tyske bombefly. Båten vart freista sett på land, men sokk i forsøket på dette. Seinare vart båten heva og reparert.

1947: Namnet på reiarlaget vart endra til Møre og Romsdal Fylkesbåtar, Molde.

MS «Rauma» 1949: Omfattande ombygging ved A. M. Liaaens Mek. Verksted, Ålesund. Nytt overbygg av «sjøbuss»-type og ny salong i full breidde akter. Ny tonnasje: 160 brt. Motor montert: firesylindra 4tev Crossley dieselmotor (1948). Fart: 10 knop

Januar 1950: Ferdig omygd. Sett inn i lokalruter på Sunnmøre, for det meste mellom Ålesund og Hjørundfjorden.

1962: Tatt ut av rutefarten og lagt i opplag i Vegsund.

Januar 1963: Sokk under opplag i Vegsund fordi ein open ventil kom under vatn da skipet sokk noko ned etter eit snøfall. Heva kort etter, men vart ikkje funnen rekningsvarande å reparere.

Mai 1963: Seld til Maaløy Skipsopphugning, Måløy. Vurdert reparert og ombygd, men dette vart det ikkje noko av. Vart istaden hogd opp i Måløy.

Januar 1965: Sletta frå norsk register.

Kjelder Jens Chr. Egenæs

Kategori:Norske dampskip Kategori:Sjøfart i Møre og Romsdal Kategori:Heimeflåta Kategori:Skip frå 1889 Kategori:Skip sluttsegla i 1963