Arnhild Skre () er ein norsk journalist og forfattar, busett i Ytre Enebakk.

Skre er oppvaksen i Bergen, på Voss, Stord og i Gausdal, innan ho tok artium på engelsklinje med kunsthistorie og teikning på Lillehammer gymnas i 1971. Ho tok hovudfag i historie i 2003.

Skre var journalist i NRK Hordaland og Middagsstunden 1980 - 1982, og journalist og seinare redaktør i vekeavisa Dag og Tid 1984 - 1993. Frå 1993 har ho vore journalist og kommentarskribent i Aftenposten med ansvar for kulturstoff og universitetspolitikk. Skre har også gjeve ut ei rekkje bøker. Ho fekk Brageprisen 2011 i open klasse for biografien Hulda Garborg. Nasjonal strateg. Boka vart også kåra til Årets nynorskbok i 2011 av lesarane til Dag og Tid.

Bibliografi Innvandra mat (1988) Dagmammaer i dagslys (1991) Heltinner jeg har møtt (2005) La meg bli som leoparden : Ragnhild Jølsen - en biografi (2009) Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011) Formødrenes stemmer: Kvinneliv rundt stemmeretten (2012, red. med Audgunn Oltedal) Kald krigs kviskring: Barndom under den kalde krigen (2017) ISBN 9788252193565 Theodor Kittelsen – Askeladd og troll (2015) ISBN 9788203294143 Berge Furre : eit liv i rørsle (2022) Årgangstekstar : journalistikk, essayistikk og litt forsking 1985-2020 (2022)

Referansar

Bakgrunnsstoff «Arnhild Skre» av Ottar Grepstad på Allkunne Digitaliserte bøker av Arnhild Skre hjå Nasjonalbiblioteket

Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Vinnarar av Brageprisen