Sandur er ei elveslette av sand og grus som er avsett føre ein isbre med smeltevatnet frå breen. Slike sletter er særleg vanlege på Island og Svalbard, men ein finn òg sandur i Noreg som vart danna mot slutten av den siste istida. Namnet kjem frå Skeiðarársandur på Island, som er ei brei sandslette på søraustkysten mellom Vatnajökull og havet.

Isbrear inneheld store mengder silt og sediment, som vert fanga opp når dei eroderer mot underlaget. Smeltevatnet fører med seg desse sedimenta bort frå isbreen og avset dei på ei brei slette. Sedimenta er ofte sortert etter storleik, slik at dei finaste materiale, som silt, vert ført lengst bort, medan store steinar vil ligge nærast isbreen.

mini|600px|center|Vestenden av Skeiðarársandur på Island er ein typisk sandur.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sandur» frå , den 7. september 2011.

Bakgrunnsstoff NASA om Skeiðarársandur Studie av sandurdanning på Vest-Grønland.

Kategori:Glasiologi Kategori:Glasiale landformer Kategori:Sletter

en:Sander