William Burnside () var ein engelsk matematikar. Han er hovudsakleg kjend for det tidlege arbeidet innan teorien om endelege grupper.
Han var professor ved Naval College i Greenwich frå 1885. Blant dei mange matematiske avhandlingane til Burnside er det særleg bidraga til gruppeteori som er kjend, og fleire av satsane har namnet hans. Han skreiv Theory of Groups (1897) som er er ei av dei klassiske lærebøkene i gruppeteori.
Kjelder
Kategori:Britiske matematikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Matematikarar på 1800-talet Kategori:Matematikarar på 1900-talet