Zakumi var den offisielle maskoten for VM i fotball 2010 som vart arrangert i Sør-Afrika. Maskoten er en antropomorf leopard med grøne gylne fargar. Namnet «Zakumi» kjem frå ZA, som er ISO 3166-1-koden til Sør-Afrika, og kumi, eit ord som tydar ti på mange afrikanske språk, slik at det til saman syner til Sør-Afrika 2010.
Zakumi blei gjeven fødselsdatoen 16. juni 1994. Datoen i juni er den offisielle høgtidsdagen for ungdommar i Sør-Afrika, og markerer dagen for Soweto-opprøret. Fødselsåret er året apartheid ende i Sør-Afrika.
Dei grøne og gule fargane i karakteren matchar fargane som er brukt i dei sørafrikanske sportsdraktene, så vel som i fotballdraktene til det sørafrikanske landslaget i fotball.
Det offisielle mottoet til Zakumi er: «Zakumi's game is Fair Play».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Zakumi» frå , den 11. september 2011.
Kategori:Maskotar Kategori:Oppdikta kattedyr Kategori:VM i fotball 2010