Ragnar Winther () er ein norsk matematikar og leiar av Senter for matematikk for anvendelser (CMA) ved Universitetet i Oslo.

Han tok hovudfag i matematikk i 1973 ved Universitetet i OsloRagnar Winther En kollokasjonsmetode for egenverdiproblemer Hovedoppgave i matematikk - Universitetet i Oslo, 1973 og doktorgrad i 1977. Han vart professor i 1991. Winther har særleg forska på partielle differensiallikningar, numerisk analyse og informatikk. Saman med Aslak Tveito har han skrive ei innføringsbok i partielle differensiallikningar. Aslak Tveito, Ragnar Winther Introduction to partial differential equations : a computational approach ISBN 3-540-22551-x

I 2003 vart han leiar for senteret Mathematics for Applications som er eit av Norges forskningsråd sine Senter for fremragende forskning.

Winther er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, og var frå 2004-2010 styreleiar for Abelfondet.

Bakgrunnsstoff

Biografiside ved UiO forskning.no Intervju med Ragnar Winther 02.07.2002

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ragnar Winther» frå , den 12. september 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Norske matematikarar Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Matematikarar på 1900-talet Kategori:Matematikarar på 2000-talet