Hallarøya er ei øy i Smøla kommune på Nordmøre, sørvest for hovudøya Smøla. Det bur ikkje folk på øya.

Den eldste skriftlege kjelda til busetjing på Hallarøya er frå 1637, men øya kan ha vore busett allereie i mellomalderen. Det var eit fiskevær på Hallarøya. Frå slutten av 1800-talet vart drifta utvida, med mellom anna trankokeri og hermetikkfabrikk. Det var skulehus på øya frå 1900 til 1956. I 1954 fekk øya elektrisitet, og opplevde etter det ei viss tilflytting frå dei mindre øyane sør for Smøla. Kraftlina vart øydelagd i eit uver rundt 1977 og ikkje reparert. Øya vart fråflytta i løpet av 1970-talet.

Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Edøy prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Edøy herred, frå Digitalarkivet 2000 26 63 0

Hallarøya var del av Edøy kommune fram til 1915 og så Brattvær kommune fram til opprettinga av Smøla kommune i 1960.

Kjelder

Aashild Berg, Smøla bygdebok, bind III, Smøla kulturstyre, 1989 Kulturminnesøk

Kategori:Øyar i Smøla