Oswald Veblen () var ein amerikansk matematikar, geometikar og topolog. Arbeida hans vart utnytta i atomfysikken og relativitetsteorien. Han beviste Jordans kurveteori i 1905.
Forfedrane hans kom opphavleg frå Noreg. Han hadde ein doktorgrad ved universitetet i Chicago i 1903. Han arbeidde mest med geometri. Han vart òg æresdoktor ved Universitetet i Oslo.
Han skreiv òg nokre bøker. Mellom anna skreiv han Projective geometry som kom ut i 1910. Han har òg skrive Foundations of defferential geometry som kom ut i 1932.
Utgjevingar Projective geometry med John Wesley Young (Ginn and co., 1910-1918) Introduction to infinitesimal analysis; functions of one real variable med N. J. Lennes (John Wiley & Sons, 1907)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Oswald Veblen» frå , den 17. september 2011.
Kategori:USA-amerikanske matematikarar Kategori:Norsk-amerikanarar Kategori:Geometerar Kategori:Topologar Kategori:Matematikarar på 1900-talet