Kaprifol, duftkaprifol eller ekte kaprifol (Lonicera caprifolium) er ein lauvfellande lian med kraftig, slyngande vekstform. Borken er først lysegrøn og glatt, seinare blir den brun og til sist lysegrå og lett fura. Knoppane sit motsett, og dei er lysegrå og utsperra. Blada spring ut i milde periodar om vinteren. Dei er elliptiske og heilranda. Oversida er frisk grøn, medan undersida er grågrøn. Blomstrane er uregelmessige med lange kronrøyr og fin duft. Yttersida er raudleg og innsida fløytekvit. Det øvste bladparet under den endestilte standen av blomstrar er samanvakse. Frukta er raude bær som er giftige. Dei modnar godt, og frøa spirer lett.

mini|venstre|Teikning av kaprifol. Skildring Ikkje-synlege trekk Rotnettet består av kraftig forgreina, vidt udbreidde hovudrøter. Heile planta er giftig. Planta kan angripast av ei møllarve, som bit av blomstrane før dei spring ut, og av ei minérflue-larve, som lagar buktande gangar i blada. Ingen av dei gjer nemneverdig skade.

Storleik 4 × ? m (100 × ? cm/år).

Heimstad Planta høyrer heime i Aust-Europa og middelhavsland aust for Italia. Den gror overalt som lian i kratt, lysningar og skogbryn på tørr, varm jord.

Hybridar Mange av hageplantane er hybridarhttp://www.brc.ac.uk/plantatlas/index.php?q=plant/unmatched-species-name-240 Lonicera x italica (Lonicera caprifolium x etrusca ) - Hagekaprifol Lonicera × heckrottii (L. sempervirens x L. × italica) - Blomsterkaprifol http://sv.wikipedia.org/wiki/Blomsterkaprifol

Sjå òg Villkaprifol eller vivendel (Lonicera periclymenum)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ægte Kaprifolie» frå , den 18. september 2011. oppgav desse kjeldene: Sten Porse: Plantebeskrivelser, DCJ 2003 (CD-ROM).

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hageplantar Kategori:Lianar Kategori:Giftige plantar Kategori:Kaprifolfamilien